Få ubegrenset tilgang til over 600 000 spennende og underholdende lyd- og e-bøker. Avslutt når du vil.
Prøv gratis i 14 dager5
Biografier
Røvarhistorier og livsalvor. Dette er forteljinga om cowboyen, bonden og jærbuen Arvid Mæland. Han sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim der han bur. Mæland sitt liv er ikkje A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls. Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del av motgang, men er ein kløppar til å snu ein kvar situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt. Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni? Journalist Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finne svar på desse spørsmåla. Boka er full av røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.
© 2024 Samlaget (Lydbok): 9788234011719
Utgivelsesdato
Lydbok: 1. mai 2024
5

Kos deg med ubegrenset tilgang til mer enn 600 000 titler.
Generell vurdering basert på 1 anmeldelser
Inspirerende
Koselig
Innsiktsfull
Last ned appen for å skrive anmeldelser av bøker.
Norsk
Norge